Endringer

Hopp til navigering Hopp til søk
1 890 byte lagt til ,  4. jan. 2015 kl. 11:50
Ny side: <onlyinclude> Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk varia...
<onlyinclude> Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket '''C'''. </onlyinclude>

'''Sjå''' vart utvikla under '''.nyno'''-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med '''C''', men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.

== Kontrollstrukturar i Sjå ==

'''Sjå''' er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar '''C''':
* Ei ''while''-løkkje definerast med å skrive ''medan''
* Eit ''if''-utsegn kan gjerast med å skrive ''viss''
* ''case'' kallast med å skrive ''døme''
* Ein kan introdusere ein ''break'' ved å skrive ''kaffipause''

== Variablar i Sjå ==

'''Sjå''' inneheld ikkje nøyakteg dei same variabla som '''C'''. Ein kan definere variablar på følgjande måte i '''Sjå''':

* ''Heiltal'' er '''Sjå'''-ekvivalenten av ''integer''
* ''Flyttal'' kan ikkje definerast i '''Sjå'''. Ein må derimot bruke ''brudden brøk''
* Ekvivalenten av ''string'' heiter ''tarjei'' (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).


== Spesielle element i Sjå ==

'''Sjå''' er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande mfor å parallellprosessere ei ''for-løkkje'':

<pre>
parfor
# Do parallell processing of operation
end
</pre>

I '''Sjå''' gjerast dette slik:

<pre>
samstundes
# Gjer fleire operasjonar samstundes.
slutt samstundes
</pre>

== Variantar av Sjå ==

'''Sjå Skarpt''' er ei objektorientert vidareutvikling av '''Sjå'''. Ein klasse er kalt ei ''bås'' i '''Sjå Skarpt''', og kan enten vere ''offentleg'' (public) eller ''hemmeleg'' (private):

<pre>
bås BåsNamn {
heiltal variabelEin, variabelTo
offentleg
...
}
</pre>

Navigasjonsmeny