Sjå

Fra viktigperia, der sannhet møter veggen
Revisjon per 26. apr. 2020 kl. 19:02 av Marius (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C. Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.

Variablar i Sjå

Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variablane som C. Dei mest brukte variablane i Sjå er:

  • Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
  • Flyttal heiter fosse (etter Jon Fosse) i Sjå. (Opprinneleg kunne ikkje flyttal definerast i Sjå, og ein måtte derimot bruke brudden brøk)
  • Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).


Kontrollstrukturar i Sjå

Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:

  • Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
  • Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
  • case kallast med å skrive døme
  • Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause

Døme på syntaks


heiltal a = 0
heiltal b = 3
heiltal i = 0

medan a<=b {
  i = i + 1
   viss a==b {
     skriv('a er lik b')
   }
   elles {
   }

   viss i>10 {
     kaffipause
   }

}
  

Spesielle element i Sjå

Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande for å parallellprosessere ei for-løkkje:

parfor ... {
  # Do parallell processing of operation
}

I Sjå gjerast dette slik:

samstundes ... {
   # Gjer fleire operasjonar samstundes.
}

Variantar av Sjå

Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):

bås BåsNamn {
       heiltal variabelEin, variabelTo
    offentleg
       ...
}