Sjå
Hopp til navigering
Hopp til søk
Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C.
Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.
Kontrollstrukturar i Sjå
Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:
- Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
- Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
- case kallast med å skrive døme
- Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause
Variablar i Sjå
Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variabla som C. Ein kan definere variablar på følgjande måte i Sjå:
- Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
- Flyttal kan ikkje definerast i Sjå. Ein må derimot bruke brudden brøk
- Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).
Spesielle element i Sjå
Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande mfor å parallellprosessere ei for-løkkje:
parfor # Do parallell processing of operation end
I Sjå gjerast dette slik:
samstundes # Gjer fleire operasjonar samstundes. slutt samstundes
Variantar av Sjå
Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):
bås BåsNamn { heiltal variabelEin, variabelTo offentleg ... }