Forskjell mellom versjoner av «Sjå»
m |
|||
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 6: | Linje 6: | ||
* ''Heiltal'' er ''Sjå''-ekvivalenten av ''integer'' | * ''Heiltal'' er ''Sjå''-ekvivalenten av ''integer'' | ||
− | * ''Flyttal'' | + | * ''Flyttal'' heiter ''fosse'' (etter Jon Fosse) i ''Sjå''. (Opprinneleg kunne ikkje ''flyttal'' definerast i ''Sjå'', og ein måtte derimot bruke ''brudden brøk'') |
* Ekvivalenten av ''string'' heiter ''tarjei'' (kortform for Tarjei Vesaas-novelle). | * Ekvivalenten av ''string'' heiter ''tarjei'' (kortform for Tarjei Vesaas-novelle). | ||
Nåværende revisjon fra 26. apr. 2020 kl. 19:02
Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C. Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.
Variablar i Sjå
Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variablane som C. Dei mest brukte variablane i Sjå er:
- Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
- Flyttal heiter fosse (etter Jon Fosse) i Sjå. (Opprinneleg kunne ikkje flyttal definerast i Sjå, og ein måtte derimot bruke brudden brøk)
- Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).
Kontrollstrukturar i Sjå
Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:
- Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
- Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
- case kallast med å skrive døme
- Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause
Døme på syntaks
heiltal a = 0 heiltal b = 3 heiltal i = 0 medan a<=b { i = i + 1 viss a==b { skriv('a er lik b') } elles { } viss i>10 { kaffipause } }
Spesielle element i Sjå
Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande for å parallellprosessere ei for-løkkje:
parfor ... { # Do parallell processing of operation }
I Sjå gjerast dette slik:
samstundes ... { # Gjer fleire operasjonar samstundes. }
Variantar av Sjå
Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):
bås BåsNamn { heiltal variabelEin, variabelTo offentleg ... }