Forskjell mellom versjoner av «Sjå»
(Ny side: <onlyinclude> Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk varia...) |
|||
Linje 1: | Linje 1: | ||
− | + | Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket '''C'''. | |
'''Sjå''' vart utvikla under '''.nyno'''-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med '''C''', men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering. | '''Sjå''' vart utvikla under '''.nyno'''-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med '''C''', men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering. |
Revisjonen fra 4. jan. 2015 kl. 11:50
Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C.
Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.
Kontrollstrukturar i Sjå
Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:
- Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
- Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
- case kallast med å skrive døme
- Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause
Variablar i Sjå
Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variabla som C. Ein kan definere variablar på følgjande måte i Sjå:
- Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
- Flyttal kan ikkje definerast i Sjå. Ein må derimot bruke brudden brøk
- Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).
Spesielle element i Sjå
Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande mfor å parallellprosessere ei for-løkkje:
parfor # Do parallell processing of operation end
I Sjå gjerast dette slik:
samstundes # Gjer fleire operasjonar samstundes. slutt samstundes
Variantar av Sjå
Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):
bås BåsNamn { heiltal variabelEin, variabelTo offentleg ... }