Sjå

Fra viktigperia, der sannhet møter veggen
Revisjon per 4. jan. 2015 kl. 11:50 av Marius (diskusjon | bidrag) (Ny side: <onlyinclude> Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk varia...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C. 

Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.

Kontrollstrukturar i Sjå

Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:

  • Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
  • Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
  • case kallast med å skrive døme
  • Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause

Variablar i Sjå

Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variabla som C. Ein kan definere variablar på følgjande måte i Sjå:

  • Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
  • Flyttal kan ikkje definerast i Sjå. Ein må derimot bruke brudden brøk
  • Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).


Spesielle element i Sjå

Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande mfor å parallellprosessere ei for-løkkje:

parfor
  # Do parallell processing of operation
end

I Sjå gjerast dette slik:

samstundes
   # Gjer fleire operasjonar samstundes.
slutt samstundes

Variantar av Sjå

Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):

bås BåsNamn {
       heiltal variabelEin, variabelTo
    offentleg
       ...
}