Forskjell mellom versjoner av «Sjå»

Fra viktigperia, der sannhet møter veggen
Hopp til navigering Hopp til søk
m
m
Linje 1: Linje 1:
 
Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket '''C'''.
 
Du trudde kanskje at '''å sjå''' var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. '''Sjå''' er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket '''C'''.
  
'''Sjå''' vart utvikla under '''.nyno'''-bølgjen på 80-talet. Språket har mange fellestrekk med '''C''', men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.
+
'''Sjå''' vart utvikla under '''.nyno'''-bølgjen. Språket har mange fellestrekk med '''C''', men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.
  
 
== Variablar i Sjå ==
 
== Variablar i Sjå ==

Revisjonen fra 4. jan. 2015 kl. 12:08

Du trudde kanskje at å sjå var eit vanleg nynorsk verb? I så fall trur eg du skal sjå deg om etter eit par nye lesebrillar. Sjå er nemleg ein nynorsk variant av det velkjente programmeringsspråket C.

Sjå vart utvikla under .nyno-bølgjen. Språket har mange fellestrekk med C, men inneheld også element som er karakteristisk for nynorsk programmering.

Variablar i Sjå

Sjå inneheld ikkje nøyakteg dei same variabla som C. Dei mest brukte variablane i Sjå er:

  • Heiltal er Sjå-ekvivalenten av integer
  • Flyttal kan ikkje definerast i Sjå. Ein må derimot bruke brudden brøk
  • Ekvivalenten av string heiter tarjei (kortform for Tarjei Vesaas-novelle).


Kontrollstrukturar i Sjå

Sjå er eit Turing-komplett språk, og inneheld kontrollstrukturar som liknar C:

  • Ei while-løkkje definerast med å skrive medan
  • Eit if-utsegn kan gjerast med å skrive viss
  • case kallast med å skrive døme
  • Ein kan introdusere ein break ved å skrive kaffipause

Døme på syntaks


heiltal a = 0
heiltal b = 3
heiltal i = 0

medan a<=b {
  i = i + 1
   viss a==b {
     skriv('a er lik b')
   }
   elles {
   }

   viss i>10 {
     kaffipause
   }

}
  

Spesielle element i Sjå

Sjå er tilrettelagt for parallellprosessering. For C-kompilatorar som er tilpassa parallellprosessering ville ein gjere følgjande mfor å parallellprosessere ei for-løkkje:

parfor ... {
  # Do parallell processing of operation
}

I Sjå gjerast dette slik:

samstundes ... {
   # Gjer fleire operasjonar samstundes.
}

Variantar av Sjå

Sjå Skarpt er ei objektorientert vidareutvikling av Sjå. Ein klasse er kalt ei bås i Sjå Skarpt, og kan enten vere offentleg (public) eller hemmeleg (private):

bås BåsNamn {
       heiltal variabelEin, variabelTo
    offentleg
       ...
}